11. – 14. Juli

Monica Hoff utne

Monica Hoff Utne skal spela konsert på Blåbærhaugen!

Monica Hoff Utne (51) er en ny låtskriver, og noko så sjeldan som ein vaksen debut-artist. Ho kjem frå Alta, men er busatt med familie på Tysnes på 16. året.

Debutalbummet «Bare Litt» består av 11 sterke pop/folkevise sanger, på spell levandes nordnorsk dialekt. Viser og sangar som handlar om glede, sorg, svik, optimisme, fryd, latter og det å tørra å gjera det ein drøymer om.

Ho har skrive og komponert alle tekstar sjølv, og spela inn albummet i studioet «Mors Kjeller» i Loddefjord med Jan Tore Ness som produsent. Albummet var klart for slepp 19.11.2021 gjennom eigen label; Hoff Records, og har fått god mottakelse. Ho er allereie i gong med innspeling av nye låtar.

Monica er ikkje redd for gå nye vegar, eller for å vere kontroversiell, og nøler heller ikkjemed å setje ord på vanselege emosjonelle tema. Ho er ein sterk forkjempar for positivitet, og trur at eit positivt fokus genererer ein energi som folk gjerne vil være ein del av, rett og slett fordi det føles godt.

Med seg på Blåbærhaugen har ho med seg dyktige musikarar som Jan Tore Ness på perkusjon, Kristian Wedberg på tangentar, Roald Kaldestad på gitar, og Kjetil Dalland på bass.

Me kan lova magisk stemning og glede på «toppen av Onarheim»

Monica er ikkje berre ein fantastisk flink artist, ho er og vår fantastisk flinke frivillig-sjef i Tysnesfest, så det er utrulig kjekt på absolutt alle måtar å kunne få setje ho på plakaten i år!

Du kan oppleva Tysnesfest 2022 sin opningskonsert, på Blåbærhaugen onsdag 6. juli 2022!