11. – 14. Juli

Nye og kjente stjerneskot til Tysnesfest 

Stjerneskot, nordnorsk magi, countryshow, levande legender og fløyelsstemmer til Tysnesfest. 

– Årets plakat til Tysnesfest er allereie fullpakka med stjerner, men me er ikkje ferdig endå.  No slepp me fem heilt ulike artistar til festivalen. Den største fellesnemnaren dei har er at dei alle står for umiskjennelege musikalske kvalitetar og leverer artisteri av høg klasse innan heilt ulike sjangrar, fortel Øystein Vaage, festivalsjef i Tysnesfest.

Kari Bremnes

Tysnes-ven og nordnorsk utkraft Kari Bremnes er endeleg tilbake på Tysnes og me gler oss enormt til å sjå ho med fullt band på Gjerstad Arena. Hennar personlege og melankolske musikk har prega den norske musikkscena i fleire tiår, Kari lydlegg det nordiske, storslagne landskapet med sine såre, men håpefulle tekstar og musikk. Det blir garantert ein vakker time på Gjerstad med Kari Bremnes. 

Emma Steinbakken

Emma Steinbakken har blitt heile norges nye artistfavoritt etter nokre utsøkte coverversjonar av moderne klassikarar som Floden og Jeg glemmer deg aldri. I tillegg til eigne pop-perler viser Emma oss verkeleg breidda i stemmeprakten si. Emma Steinbakken er ikkje berre ei unik stemme, på scena har ho ein tilstedeværelse og ein glød dei store stjernene kan misunne ho, det er berre å glede seg til å oppleve ho frå scena på Tysnesfest.

 

Han Herman 

Han Herman er det nyaste stjerneskotet på den norske scena. Han Herman har berre gjeve ut fire songar, men dei er til gjengjeld noko av det finaste som er komen ut av norsk pop dei siste åra. Bejubla konsertar på både Vill Vill Vest og By:larm saman med massiv speletid på P3 tyder på at me heldigvis vil få sjå meir av Han Herman framover, og ein av dei første, store konsertane sine gjer han på Tysnesfest.

Gunlingers 

Noregs største og beste formidlare av Nashville-countryen spelar opp til fest på Tysnesfest. Gunslingers er synonymt med show av ypperste klasse, og kjemien dei har med publikummet sitt er noko ein kvar artist vil misunne. Gjengen frå Hardanger har holdt koken i over 15 år og utviklar stadig sine konsertar. Dette blir fest med stor F.

Madrugada 

Og så, Madrugada då! Majestetisk. Storslått. Episk. Eit av norsk rock sine verkeleg store band med ikkje mindre enn fem Spelemannsprisar og ei rekke med album som alle har solgt til gull og platina. Med Norges kanskje beste vokalist i Sivert Høyem, den sterke signaturen til bandet, både lydmessig og visuelt, spelar Madrugada i sin eigen liga, som trassar både generasjonar, sjangrar og trendar. Det blir ein konsert for historiebøkene når dei vitjar Tysnesfest

 

Kari Bremnes - Foto Øyvind Toft
Banner_EmmaSteinbakken_Look3_PhotoByIgnatWiig
_NY Han Herman - foto Victoria Brandt
JHM02969
Madrugada_2021_Foto_Knut_AaserudL1040671