11. – 14. Juli

onklp & de fjerne slektningene

OnklP & De Fjerne Slektningene er klare for å rocka både Tysnessåto og Gjerstad Arena i sommar!

Ikkje berre skal dei opptre for eit fullsatt Gjerstad fredag 8. juli, men me blir ikkje overraska om det blir ny publikumsrekord på Tysnessåta når dei dreg i gang sin semiakkustiske konsert torsdag 7. juli.

Arenaen 753moh har eit perfekt bakteppe uansett kva veg ein snur seg, og me kan garantera ein magisk opplevelse for alle som tar turen opp i dei vakre omgivelsane.

Dei fjerne slektningane består av medlemmer frå Oslo Ess, Turbonegro og OnklP, og har frå fyrste stund imponert med sin musikalske stil og levering av  sangtekstar om tema som kjærleik, håp, dop og død. Dei er eit av landets desidert beste liveband, og er kjend for sine sagnomsuste konsertar og forrykande sceneshow.

Knut Oscar Nymo og Åsmund Lande frå Oslo Ess har faktisk vore på Tysnessåto før, då med bandet Oslo Ess som aller fyrste «Såteartist» i Tysnesfestsamanheng. Noko dei hugser godt, og har svært gode minner frå.

OnklP og slekta har brukt «coronadagane» godt, og har turnert både bak fengselsmurene og på klubbscener. I tillegg har dei gjeve ut det kritikerroste albummet «Sorry for i går» i 2021.

 

No er dei klare for å turnera Norge – men på ekte med ståande publikum, fulle hus og stormande jubel!