11. – 14. Juli

SONDRE JUSTAD til TysnesFEST

Det virkar som eit langt liv sidan Sondre Justad i 2016 trollbatt oss med konsert på Tysnessåto i eit forrykande vær. Sist han gjesta oss, i 2018 leverte han ein konsert me seint gløymer. No når han endeleg er tilbake på Tysnesfest kan me gle oss til ei forrykande konsertoppleving frå ein av dei aller beste live-artistane i Noreg. 

Har du vore på ein Sondre Justad konsert så veit du kva me snakkar om. Få klarar å gripe publikum slik pop-prinsen frå Lofoten gjer – det er ikkje langt mellom dei tårevåte augneblinka og dei ekstatiske jubelbrøla. Sjå berre på meldingane frå årets turne der terningane er trilla i rein maxi-yatzi-rus. 

2024 er kanskje ein av dei siste sjansane til å oppleve Sondre Justad live på ei stund, og me anbefaler deg sterkt å få det med deg. Fyll sommarkvelden med mesterverk som «Ikke som de andre», «Nu har du mæ», «Riv i hjertet» «Sorry», «Pause fra mæ sjøl» og «Meninga med livet». Det er kanskje ei overdriving for somme at det er sjølve meininga med livet, me meiner det ikkje er langt unna. Det gjer i alle fall godt for sjela!