Den irske superstjerna Ronan Keating kjend frå eit av 90-talets største boyband og ikkje minst for sin imponerande solokarriere er klar for Tysnesfest 2022!
Ronan Keating starta som vokalist i boybandet Boyzone i 1993, og debuterte som soloartist i 1999. Solokarriera fekk ein knallstart med singelen «When You Say Nothing at All» som blei brukt i filmen “Notting Hill”. Songar som «Life Is a Rollercoaster», “Lovin` Each Day”, “If Tomorrow Never Comes” og mange fleire har fått mykje tid på radio, og nådd høgt på listene her heime i Norge.
Han har hatt stor suksess med sitt debutalbum Ronan, som nådde fyrsteplass i både Storbritannia og her i Noreg. Han har selt drøyt 22 millionar album som soloartist, i tillegg til over 20 millionar med Boyzone.
Ronan Keating speler laurdag 9. juli 2022!
Stiftelsen Tysnesfest pb. 20 5696
Tysnes Org.nr: 996 558 665
Generelle henvendingar: hei@tysnesfest.no
Administrasjon: Øystein Vaage
Ynskjer du å opptre hjå oss?
Send ein søknad til: booking@tysnesfest.no