11. – 14. Juli

Ronan Keating til Tysnesfest

You say it best… 

…when you say nothing at all! 

Yes, du les rett. Ronan Keating, superstjerna frå Irland som var vokalist i eit av 90-talets største popsensasjonar Boyzone kjem til Tysnesfest 2022!

Me har faktisk forsøkt å booka Ronan i fleire år, og reiserute, kalender osv. har hittil ikkje passa med våre datoar, men i 2022 blir det full klaff!

Han starta som vokalist i Boyzone i 1993, og gjekk solo i 1999. Solokarriera fekk ein knallstart med singelen «When You Say Nothing at All» som blei brukt i filmen Notting Hill. Songar som «Life Is a Rollercoaster», “Lovin` Each Day”, “If Tomorrow Never Comes” og mange fleire har fått mykje tid på radio, og nådd høgt på listene her heime i Norge. 

Kanskje får ein til og med oppleva ein Boyzone-låt eller to og.

Gled deg til å oppleva Ronan Keating på Gjerstad laurdag 9. juli 2022!