
POPPELOPPANE – Tuddelu & Storehu på Tysnesfest UNG!
Dei kjente og kjære figurane frå NRK Barne-TV kjem til Tysnesfest med eit fargerikt og fengande show for dei minste!

Melody Weller & Trefor-piratene
Ei spennande og heilt spesiell framsyning der scena er båten Weller, og publikum sit på land – på brygga eller kaien.

Trylleshow
Tryllekunstnar Geir Elling, nordisk meister i trylling, kjem til Tysnesfest med eit show fullt av magi og overraskingar – for både små og store.

Frekk & Tidi
Ei herleg familieframsyning som blei ein kjempesuksess då den hadde premiere sommaren i fjor – med heile 40 framsyningar gjennom ferien!

Trio Oro
Magi og moro møter musikalsk mangfald når TRIO ORO slår seg laus – her får du alt frå heftige rytmar til vakre tonar, servert med ein god dose speleglede og glimt i auga.

Mikkel Munthe
Han blei eit kjent fjes for mange då han deltok i NRK-serien «Team Pølsa» tidlegare i år.
No er Mikkel klar for å ta Tysnesfest med storm! Han speler på Tysnesfest UNG på fredag, og du skal ikkje sjå bortifrå at han tek turen opp på Gjerstad òg Dette blir gøy!!

Ingeborg
Ho bergtek både mentorar og publikum på The Voice med ei heilt spesiell stemme – no kjem 17 år gamle Ingeborg til Tysnesfest UNG!

Den Magiske Kofferten
Dei to tullete klovnene Susu & Mumu kjem med ein koffert full av artig utstyr dei vil vise fram.