11. – 14. Juli

Vepsestikk

vepsestik

Vepsestikk

Den bergensbaserte kvartetten Vepsestikk eksperimenterer med element frå punk, jazz og progrock. Resultatet – eit  spennande heksebrygg av improviserande trompetar, våt gitar, melodiøs bass, og groovy rytmar.  Musikken er skildra som «ein type jazzpunk av det verkeleg catchy slaget» (Engelstad, BT 04.09.22)

Etter at kvartetten vann Eggstockfestivalen i 2022, har dei blant anna spelt på Feriekolonien, Havstrømfestivalen og Vill Vill Vest, sistnevnte til strålande meldingar. Det lovande bandet førebur no sin debut-EP som skal sleppast i juni, rett i forkant av det me forventar blir ein nydeleg konsert på Tysnesfest.