11. – 14. Juli

Ein Festival for Born og UNGE

Tysnesfest har mykje å by på for dei minste og ungdommane. Her er ei fullstendig oversikt over aktivitetar spesielt lagt til rette for born og ungdom.

Film i Bermudateltet

Onsdag 12. juli opnar Tysnesfest og det er kino i Bermudateltet som ligg i Våge rett ved Vonheim. 

Tysnesfest Ung

I Bermudateltet blir det ein heilt egen festival for born og unge frå torsdag til laurdag frå kl 11 – 17. Mange kjekke forestillingar og konsertar med spennande artistar som blant anna Capow X 2G, Lisa og Tobias, Gutta og Kris André. Sjekk ut fullstendig program her. 

Utanfor Bermudateltet har me eigen barnevognparkering og sal av popcorn, brus og sukkerspinn. 

Tivoli

Det populære tivoliet er tilbake under Tysnesfest. Du finn det ved Extra-butikken. 

Båtcruise med skattejakt

Fredag kl 12 er det mogleg å mønstre på MS Midthordland og bli med på toktet til Kaptein Krill. Han tar deg med til Solstråleøya der du kan jakte på Solstråleskatten. 

Billettar til skattejakt-cruiset finn du under Tysnesfest UNG her.

Nytt familieområde på Tysnesfest Arena. 

Me har laga eit heilt nytt familieområde på Gjerstad med eigen inngang for born, ungdom og familiar. Området er utvida og du får endå betre utsikt til dei store konsertane. Innslepp er før hovudinnsleppet, og vil bli godt merka. Hugs at me har eigne rabatterte prisar for ungdom mellom 13 og 17 år. Dei under 13 år går gratis. 

Gratis i Våge

I år blir det som vanleg boder og det populære marknadsområdet i Våge. Fredag kan du oppleve nyvinninga «det elleville palleløpet» og laurdag er det klassikaren «Døds Diving World Challenge Tysnesfest» Begge arrangementa starta kl 15 i Våge Hamn.