Velkomen!
Alle som skal ha stand på Tysnesfest må betale via tilsendt link på forhånd.
Marknaden er i 2024 gratis for publikum! Alt ligg til rette for bra salg!
Prisane for eit stand på 3×3 meter er 2000 kr + mva. totalt for begge dagar.
Skal du ha plass utover dette, kjøper du plass med 3×6 eller 3×9 etter kva du ynskjer.
Treng du straum (16amp) kjem det i tillegg på kr 200 + mva.
Opningstider:
Fredag: Kl. 11.00 – 16.00
Laurdag: kl. 11.00 – 16.00
Utstillar kan rigga standen sin frå kl. 08.00 fredagsmorgon. Det er ikkje moglegheit for å rigga opp før dette tidspunktet. Ein vil få tilsendt kartoversikt før festivalen. Det er sjølvsagt mogleg å komma med ynskjer, men det er ingen garanti for at disse blir innfridd.
Utstiller må ha ope i opningstidene som er satt.
Overnatting:
Tysnesfest vonar at de kan stille med overnatting sjølve. Det er mogleg å bu bak standen i bubil/campingvogn, men ein lyt då tinga plass like lang som bubilen. Dusjfasilitetar og toalett fasilitetar finn du like i nærleiken av marknaden.
Om dykk ikkje vil bu bak standen, men har tilgang på bubil/campingvogn ta kontakt med irene@tysnesfest.no
Utstillarreglar Tysnesfest.
Eige ansvar:
-Utstillar står sjølv ansvarleg for å følgja regelverk som gjeld kassaloven og skatteetaten.
-Tysnesfest stiller med nattevakter som går runder på området, men Tysnesfest tek ikkje ansvar for uvær og tjuveri.
-Alle som har gass/grill/elektriske omner eller frityr, må ha med eige og egna, slukkemiddel.
-Dei standa som sel mat må vera registrert av mattilsynet i bustadkommunen. Registreringsbeviset må takast med og visast ved eventuell inspeksjon.
-Det er viktig at alle tar omsyn til andre utstillarar, det er difor ikkje lov med høgtalar som kan forstyrre andre sine stand. Det er ikkje lov og gje ut vareprøver eller setje opp plakatar utanfor eige salsområde.
Tildeling av plass/område:
Opprigg av stand kan skje tidligst kl. 08.00 fredag. Ein lyt vera klar i god tid til marknadsområdet opnar, og seinast kl. 10:45.
-Ved oppmøte vil utstillar få info om reglar, opningstider og festivalprogram.
-Grunna mykje folk og aktivitet i Våge er det viktig at all ferdsel skjer i samsvar med trafikkregulering. Det er berre lov med innkjøring av varer inntil 30 minutt før marknadsområdet opnar, og utkjøring 30 minutt etter stengetid.
-Alle som skal stilla med stand på Tysnesfest må betala på førehand via tilsendt lenke. Billetten må visast når ein kjem til marknaden. Enten i utskreven form eller pdf på mobil/nettbrett.
Opp og nedrigg av stand:
-Det er ikkje lov å stenga/rigga ned standen før marknaden er stengt på ettermiddagen laurdag kl. 16:00.
-Utstillar er sjølv ansvarleg for å sikre stand mot uvær og tjuveri. Tysnesfest tek ikkje ansvar for varer og stand. Stand må vera ferdig rigga til opningstid. Ved nedrigg er det utstillar sitt ansvar å fjerne all boss og utstyr som vert nytta, samt alle varer. Dersom det står utstyr igjen etter avslutta marknad blir utstillar etterfakturert med 1000,- + mva.
-Utstillar tek sjølv med det utstyret ein treng. Eksempel: telt, bord, skøyteledningar og stolar m.m.