Hurtigbåt heim etter konsertane.
Hugs å ver tidlig ute for å sikra deg plass! Båten pleier bli heilt fullbooka!
Informasjon om ruter og bestilling finn du her.
Tysnesfest set i samarbeid med Tide Buss opp ekstra ruter til/frå Gjerstad Arena, samt campingshuttle.
Etter konsertslutt går MS Midthordland til Os.
Hugs å ver tidlig ute for å sikra deg plass! Båten pleier bli heilt fullbooka!
Informasjon om ruter og billettar finn du her.
Dersom du har mogelegheit, er det absolutt verd turen om du benytter hurtigbåt til Tysnes
Båten går frå strandkaien i Bergen og du får ei uforgløymeleg reise med Rødne Fjord Cruise til Malkenes.
Dette er ein rutebåt som går mellom Rosendal og Bergen.
Rutetabell Hardangerfjordekspressen (klikk på bilete under)
Frå Stavanger/Stord
Kjem du frå Stavanger føl du E39 norover mot Bergen.
Når du kjem til Jektevik på Stord, tek du ferja til Hodnanes. Etter ein ferjetur på 7 minutt, er du komen til Hodnanes og der køyrer du i land og føl så veg mot Våge.
Etter ein kjøretur på ca 30 minutt, er du komen fram til festivalområdet i Våge sentrum og på Gjerstad.
Fergeruter Jektavik-Nordhuglo-Hodnanes. ( Klikk på bilete under)
Bussruter frå Stord
Kjem du frå Bergen, køyrer du E39 mot Stavanger til du kjem til Halhjem.
Der stiller du deg i ferjekø mot Våge.
Ferja tar deg over Bjørnefjorden på 35 minutt og når du køyrer i land, er du midt i Våge.
Her vil marknadsdagen føregå på kaien, det er heller ikkje lange biten til konsertområdet på Gjerstad
Fergerute Halhjem-Våge (klikk på bilete under)
Bussruter Bergen-Halhjem (klikk på bilete under)