11. – 14. Juli

Stort artistsleppp frå Tysnesfest!

 

Ka2, Julie Bergan, Den BB, Kevin Lauren, og Odd Nordstoga markerer det første store førjulssleppet fra Tysnesfest. Og for ein gavepakke dette er. Nokre av Noregs beste live-artistar kjem til Gjerstad 12. – 16. juli. 

– Frå før har me sluppe Astrid S. og no følger me opp med ein variert og strålande bukett med artistar som kjem til å sørge for fantastisk stemning på Tysnes til sommare, fortel festivalsjef Øystein Vaage. 

Det blir som vanleg noko for ein kvar smak når Tysnesfest set programmet for festivalen. – Det som er felles artistane er vel at dei har ein utruleg tilstedeværelse med publikum og alltid leverer gode live-konsertar.

Magisk såtekonsert

Det er ingen ringare enn Odd Nordstoga som kjem til å halda sommarens konsert på Såto. Såtokonserten har blitt ein kjær tradisjon på Tysnesfest og torsdag 13. juli vil Odd Nordstoga bestige fjellet i lag med publikum og halde konsert på eit av Sunnhordland sine finaste utsiktspunkt. Til neste år er ny Sherpa-sti opp til Såto nok ferdigstilt og det vil kunne trekke endå fleire opp dei 753 høgdemeterane til toppen. Me kan garantert lova ei magisk oppleving for alle som tar turen. 

Ka2

For ein kometkarriere den bergenske duoen har hatt sidan dei starta opp i 2018. Deira ekstravagante, fargerike shows med psykedeliske element har gjort Ka2 til det-du-må-sjå når det gjelder kule konsertar. Den spesielle blandinga av svevande pop og hard elektronisk musikk har verkeleg truffe ei musikalsk nerve blant folk. No gler me oss til å sjå den musikalske kometen Ka2 skinna over nattehimmelen på Tysnes i juni. 

Julie Bergan

Popyndlingen Julie Bergan kjem tilbake! Ei av dei store konsertopplevingene frå 2019 stod energiske Julie for, eit ellevilt show med ei perlerad av massive poplåtar gjorde Bergan til eit av dei mest etterspørte namna frå Tysnesfestpublikummet. Og som julenissen er me sjølvsagt klar til å oppfylle ønska til fansen.

Odd Nordstoga

Få maktar å skildre poesien i kvardagen slik som Odd Nordstoga klarar, utan at det blir klisjefylt eller svulstig. Han syng om skogen, om hausten. Om å lengte tilbake til sommaren! Han får oss til å danse, sjølv om me ikkje kan det, og til å ville synge med av full hals om denne grisen som står og hyler. På Tysnesfest skal me både synge på Såto og på Gjerstad i lag med Odd, og kanskje danse litt og. 

Den BB 

Til tross for eit namn som ikkje er like godt kjent for alle er Den BB ein av Noreg sin største norskspråklige artistar med over 200 millionar strøymingar. Dei «rullær» rundt med eit spektakulært show som garantert vil sette fyr i Tysnesfest-publikummet når dei avsluttar Tysnesfest 2023 med eit fartsfylt show. 

Kevin Lauren

Det nye rap-fenomenet Kevin Lauren har rukke å få ein stor tilhengerskare på kort tid og har spelt med dei største nye artistane i Norge. På Tysnesfest 2023 kjem Kevin Lauren til å gjera eit unikt avslutningsshow med Den BB. Det blir ei ellevill avslutning på Tysnesfest 2023. 

Ka2 til Tysnesfest 2023
Julie Bergan
Odd Nordstoga
DbnBBnett
Kevin Lauren_56